Atelieret på Museet for samtidskunst blir brukt av mange skuleklasser og barnehagegrupper. Utstillinga viser eit lite utval av det som er blitt produsert der av born og unge i løpet av skuleåret 05/06.

Hausten 2005 og våren 2006 har ein kunna sjå utstillingar på Museet for samtidskunst som viser til tre av Nasjonalmuseet sine ansvarsområde: eldre kunst, nyare kunst og design. Den eldre kunsten vart representert med utstillinga «Fragmenter – Lars Hertevigs sene arbeider på papir 1878–1901». Museet si basisutstilling «Kunst 2» i andre etasje viser nyare kunst, og utstillinga «Per Spook. Norsk motedesigner i Paris» dekkjer fagfeltet design. Desse tre utstillingane har vore utgangspunkt for det som no blir vist i «Atelierets sommarutstilling».

Aktivitetane i atelieret er alltid knytt opp mot museet sine skiftande utstillingar. I omvisingene med born og unge ser vi på og samtalar om nokre verk i ei aktuell utstilling. Samtalen leiast av ein eller to frå museet. Etterpå blir det gitt oppgåver i atelieret som kastar lys over det vi nettopp har sett. Ved å kunne sjå og samtale om verka, for deretter å praktisk arbeide vidare med inntrykka, blir det skapt ei heilskapsoppleving. På denne måten utfyller arbeidet i atelieret og samtalen i omvisingene kvarandre.