Foto: Nasjonalmuseet
  • 24. september 2010–16. januar 2011
  • Nasjonalgalleriet

Utstillinga viser 90 skattar frå samlingane til tsaren i Kreml-musea i Moskva. Publikum får sjå ikonar, tekstilar og praktgjenstandar som har vore brukte under liturgien i dei keisarlege katedralane.

Praktfulle skattar

Blant dei juvelpryda ikonane finn vi noko av det mest berømte i sitt slag frå den russiske kyrkja. Dei overdådige tekstilane og erkebiskopskronene er broderte med gulltrådar og juvelar. Liturgiske gjenstandar, som smykker, kors, kalkar og røykelseskar, er i sølv og purt gull pryda med tallrike diamantar, perler, safirar, rubinar og smaragdar.

Norsk hoffjuveler

Av spesiell interesse for det norske publikummet er ein kalk og eit oblatfat i gull frå 1795 laga av den norske gullsmeden Iver Winfeldt Buch, som var hoffjuveleren til Katharina den store. Kalken er 32 cm høg og er pryda med 435 diamantar og edelsteinar frå juvelsamlinga til keisarinna.

Utstillinga er produsert av Nasjonalmuseet i samarbeid med Kreml-museet.
 

Sponsor for utstillinga: Statoil.