Kari Nissen Brodtkorb (f. 1942) lét seg ikkje skremme av arkitekturprofessoren i 1960-åra som erklærte at arkitektur er så krevjande at «alle små piker i denne sal bør ta første tog hjem».
Utstillinga presenterer bygningane til Kari Nissen Brodtkorb side om side med arbeida til fire historiske forgjengarar: Lilla Hansen, Kirsten Sand, Kirsten Sinding-Larsen og Maja Melandsø. Dei dreiv alle eigne arkitektkontor og var anerkjende i si samtid. Likevel er det få spor etter dei i museum og arkiv, og dei er lite omtalte i norsk arkitekturhistorie.
Ingen bestilling av billett er nødvendig. Berre vis medlemskortet ditt ved ankomst, og ta gjerne med ein gjest.
Har du spørsmål om medlemskap? Ta kontakt på medlem@nasjonalmuseet.no