Kva skjer med kunsten om menneska ikkje lenger eksisterer? Er kunstnarleg produksjon nødvendigvis knytt til menneska som art, eller kan han overleve utan oss? Korleis vil verda sjå ut når vi ikkje lenger er her? Dette er nokre av spørsmåla som gjerne dukkar opp i møte med kunsten til Villar Rojas.
Utstillinga samlar tre kolossale skulpturar frå serien «The End of Imagination» – skulpturar med heimsøkande og overjordiske former som ser ut som dei er gravne ut frå ei ubegripeleg framtid.
«Adrián Villar Rojas. The End of Imagination» er den første utstillinga til den argentinsk-peruanske kunstnaren i Noreg og den første større presentasjonen av desse verka i Europa.
I 2020 utvikla Villar Rojas og medarbeidarane hans «Time Engine», eit programvaresystem som er laga for å utforske forholda i førestilte verder. Ved å kombinere prosessmodellering, simuleringar av miljømessige- og materielle prosessar og spekulative modellar for simulering av økonomi, samfunn og konfliktar skaper systemet detaljerte kunstige verder.
I løpet av tidsperiodar som strekker seg frå timar til millionar av år, blir organismar, arkitektur, maskiner og geologisk materiale forma av vekslande klima og handelssystem, kamp om ressursar og framvekst og fall av sivilisasjonar. Kunstnaren skaper rammevilkåra der desse verdene utviklar seg, og hentar skulpturelle former frå historiene som utspeler seg i dei.
Jorda skaper sjølv forbløffande komplekse former: insekt, tre, bergartar, ja, til og med maskinene som gir opphav til nye former. Ved hjelp av dei digitale økologiane til Villa Rojas strekker denne generative logikken seg inn i tenkte verder. Kunstnaren hentar gjenstandar frå desse realitetane og tek dei inn i vår verd. Som Villar Rojas seier: «Eg modellerer verder, og desse verdene modellerer ‘skulpturar’ for meg.»
Når ein skal omsette desse digitale formene til fysiske skulpturar, krevst det ein lang utforskings- og produksjonsprosess. I ein mellombels verkstad i Rosario i Argentina utvikla kunstnaren og medarbeidarane hans materiale, verktøy og konstruksjonsteknikkar for å tilpasse desse digitale formene til tyngdekrafta, storleiksforholda og den strukturelle stabiliteten på jorda.
Betong, glas, salt, voks, harpiks, plast, tre, motordelar og organisk materiale er sett saman i ulike lag. Resultatet er overflater som minner om mineralformasjonar, slagg frå industri og restar av monument. Den tilsynelatande alderen til skulpturane og den ukjende anatomien deira kjem til syne gjennom dei mange avgjerdene og arbeidet til menneska som utformar dei.
Kva skjer når ein institusjon som er bygd for å tolke fortida, står overfor gjenstandar som stammar frå historier som aldri har funne stad? Skulpturane har den fysiske tyngda og kompleksiteten som kjenneteiknar verkelege ting, men har likevel ingen plass i den tidsrekninga vi nyttar for å forstå verda. Her blir museet sjølv både ei ramme for denne undersøkinga og eit av temaa i henne.
«The End of Imagination» skriv seg inn i ei lang historie der menneska har prøvd å tenke utanfor grensene sine. Gudar, kunst og matematikk har gjort det mogleg for sinn med klare grenser å sjå føre seg verkelegheiter ein ikkje kan oppleve direkte. Samtidig er alle skulpturane avhengige av menneskeleg dømmekraft, materialkunnskap og samarbeid for å bli til.
I ei tid då kunstig intelligens både lovar og trugar med å automatisere skapingsprosessen, framhevar Villar Rojas på ein påtrengande måte sjølve handlinga der noko blir bringa til verda. Kven som ser føre seg, kven som skaper, og kven som fastset vilkåra for skapinga, er framleis djupt menneskelege spørsmål.
«Eg valde å gå heilt utanfor den menneskelege tidsrekninga.»
Adrián Villar Rojas