Jomfrumotivet i Nasjonalmuseet

Dei fem kloke og dei fem dårlege jomfruene har bidrege til nasjonsbygging og inspirert ein internasjonal strikkedesignar. I botn ligg det eit bodskap om beredskap.
Jomfrutepper er kanskje ikkje det store samtaleemnet i dag, men det er eit av dei vanlegaste motiva i norsk vevtradisjon. Motivet, med fem kloke og fem dårlege jomfruer, er frå ei likning frå Bibelen.
Ti jomfruer venter på brudgommen. Dei fem kloke har med seg ekstra olje til lampene sine, men det har ikkje dei dårlege.
Dei dårlege jomfruene går tom for olje midt på natta, og må ut å kjøpe ny. Medan dei dårlege er ute kjem brudgommen, og inviterer dei kloke med på bryllaupsfesten. Då dei dårlege kjem tilbake er dørene stengd.
Jesus avsluttar med orda «Våk derfor! For dere kjenner hverken dagen eller timen».
På overordna nivå blei likninga tolka som ei oppfordring til kristne om å vera klar til Kristi tilbakekomst. På underordna nivå er det ei oppfordring om å alltid vera budd, i ord og i gjerning.
Frå Nasjonalmuseets samling
Kviskreleik og variasjonar
Jomfrumotivet hadde mange variasjonar, og kunne bli veldig abstrahert. Det er tepper med ekstra personar, og tepper der det er uråd å sjå forskjell på dei kloke og dårlege jomfruene. Til trass for dette var det såpass kjend og kjært blant folk at dei kjende det igjen.
Mange av jomfruteppa har også ei påskrift, som forsterkar bodskapen. Denne teksten blei nokre gongar kopiert av vevarar som ikkje kunne lese, og som kopierte teksten på same måte som dei kopierte resten av bildet. Over tid kunne dette skje fleire gongar, som ein slags kviskreleik der dei kopierte ein kopi av ein kopi. Til slutt kunne teksten bli nesten uleseleg.
Frå Nasjonalmuseets samling
Paradegren og nasjonsbygging
Rundt førre århundreskifte blei bildevev ei «paradegren» på Kunstindustrimuseet i Oslo. Dei samla og satsa på bildevev, og særleg på jomfrutepper.
Direktør Henrik Grosch meinte ein kunne spore bildevevtradisjonen heilt tilbake til mellomalderen. På eit noko spekulativt vis kunne ein følga ubrotne linjer frå Baldisholteppet og fram til i dag. Vevinga blei difor, saman med sølvarbeid og treskjæring, sett på som noko urnorsk, som kunne vere med å bygge identiteten til den unge nasjonen Noreg.

Mannen med dei magiske maskene
«Mannen med de magiske maskene og det merkelige navnet som han har funnet på selv», slik skildrar Bergens Tidende strikkedesignar Kaffe Fassett.
Fassett hadde utstilling på Kunstindustrimuseet i Oslo i 1990, og eit av designa hans var faktisk inspirert av museet sine jommfrutepper. Bergens Tidende skriv:
"Gode ideer fikk Kaffe Fassett også da han i fjor besøkte Kunstindustrimuseet i Oslo. Jorun Sandin forteller at han rett og slett falt i staver over et av museets jomfru-tepper fra andre halvdel av 1600-tallet. Det viser et motiv hentet fra Mateusevangeliet – fem kloke og fem dårlige jomfurer. Resultatet ble en jakke som har fått tittelen «Five foolish virgins» i umiskjennelig Fassett-stil. Jakken har vakt stor internasjonal oppsikt, og fått en kunshåndverkspris i Amerika."
Det er ikkje vanskeleg å sjå likskapane mellom jomfruteppa og «Foolish virgins»-jakka til Kaffe Fassett.
No kan du faktisk sjå dei side om side, i rom 29 i Nasjonalmuseet.

Les mer om utstillingene













