Kan ein vaske papir?

Ukjent kunstner, «Byen Lübeck» , 1855.
Foto: Nasjonalmuseet / Ina Wesenberg

Det skjøre papirverket frå 1800-talet måtte vaskast før det blei stillt ut, men går ikkje papir i oppløysing i vatn?

Tekst av Ådne Dyrnesli, redaksjonen

«Byen Lübeck» er eit 3,4 meter langt litografi frå 1855, som skildrar den tyske byen med vanvitige detaljar og omhug. Det er ein tru kopi av originalentrykket, eit tresnitt av Elias Diebels frå 1552. Originalen finns det berre to av i verda.

Det skjøre papirverket er del av utstillinga «Gothic Modern» i Nasjonalmuseet, men før det skulle ut i utstillinga måtte det konserverast. Mellom anna ved å vaske det i vatn.

– Eg tenkte at ei våtbehandling kunne gjera bildet meir synleg, fortel konservator Marie Kleivane.

Men går ikkje papir i oppløysing om du legg det i vatn?

For å få svar på det byrjar vi på byrjinga: