Kunstaktivisme

Kunst kan tenne gneisten for nye tankar, meiningar og engasjement.
Kva er kunstaktivisme?
Kunst kan tenne gneisten for nye tankar, meiningar og engasjement. Både i kunsthistoria og i samtidskunsten finn vi kunstnarar som bruker kunsten sin til å protestere, skildre urett og kommentere samtida si.
I denne omvisinga ser vi nærare på utvalde verk i samlingsrepresentasjonen til Nasjonalmuseet, frå 1600-talet og fram til i dag. Verk som på ulike måtar speglar kunsten si rolla i samtida, og som syner korleis ulike kunstnarar har delteke i den offentlege debatten i ulike tider.
Forslag til forarbeid
La elevane jobbe i grupper eller kvar for seg. Be elevane google ordet «aktivisme», og å velje tre bilde som visualiserer aktivisme i dag. Del bilda med kvarandre, digitalt eller som utskrift, og diskuter i fellesskap kva aktivisme betyr i dag?
Neste spørsmål kan svarast på skriftleg, som ei teikning eller i mindre diskusjonsgrupper: Kva kunne du gått i demonstrasjonstog for og kvifor ville du gjort det?


