Byvandring: «Stamina. Kari Nissen Brodtkorb og fire forgjengarar»

Bli med på den tredje og siste byvandringa, som går innom to bygg teikna av Lilla Hansen!
Vandringa startar med Heftyeterassen i Thomas Heftyes gate 42c, før den går til Gyldenløves gate 19.
Lilla Hansen (1872–1962) etablerte eigen praksis i 1906. Ho vart for alvor kjend for nettopp bygarden i Thomas Heftyes gate 42, som stod ferdig i 1912. Hansen er den mest kjende av dei norske kvinnelege arkitektane som blei utdanna omkring 1900.
Hansen er ein av fem arkitektar som Nasjonalmuseet trekker fram i utstillinga «Stamina. Kari Nissen Brodtkorb og fire forgjengarar». Utstillinga presenterer bygningane til Brodtkorb, side om side med arbeida til fire historiske forgjengarar: Lilla Hansen, Kirsten Sand, Kirsten Sinding-Larsen og Maja Melandsø.
Opplev korleis desse kvinnelege pionerane har forma byen, og høyr historiene til bygga dei har teikna.


