Gjennom detaljerte og stemningsfulle landskapsframstillingar formidla Krag omgivnadene i Rosendal. Bileta hennar opnar òg for spørsmål om økologi, naturvern, historie og kunstnarlege referansar. I Galleri grafikk og teikning kan du sjå teikningane til Krag i stort format.
I 1933 braut Lul Krag opp frå heimen sin i Oslo og busette seg i Rosendal i Kvinnherad kommune. Frå 1927 hadde ho vore mange somrar i den vakre vestlandsbygda. I åra som følgde, blei landskapet med fjell, fjord, tåke og tre hovudmotivet hennar, i tillegg til Baroniet frå 1600-talet, med rosehagen og naturparken.
Teikningane viser eit blikk for det store landskapspanoramaet, men inviterer òg til detaljerte, nærgåande møte med bladverk, blomar og trestammar. Krag var tru mot motivet. Fjella Malmangernuten, Melderskin og Laurdalstind, og utsikta mot Snilstveitøy går igjen i fleire av verka hennar. Det topografiske i landskapet blir foreina med Krags tolkingar av det ho ser.
Austasiatisk kunst var ei viktig inspirasjonskjelde for Krag. I dei kinesiske landskapsmotiva fann ho både ei naturkjensle og ei drøymande skildring som gav gjenklang.
Då Krag slo seg ned i Rosendal, var ho 55 år og ein etablert kunstnar med utdanning frå London, Kristiania og Paris, og med fleire utstillingar bak seg. Ønsket om å trekkje seg tilbake frå kunstlivet i hovudstaden og få ro til å arbeide bidrog til eit vendepunkt i kunsten hennar. Mellom fjell og fjord kom ho tett på natur, artsmangfald og skiftingar i vêr og årstider. I Skålagato i Rosendal levde og arbeidde Krag omgjeven av kolteikningane som dekte veggene frå golv til tak.
Inspirert av heimen hennar inviterer utstillinga i Nasjonalmuseet til eit intimt møte med vestlandsnaturen, sett gjennom blikket til Lul Krag.