Dronning Sonja, norsk design og Molstad

Visste du at ein stor del av Dronning Sonjas tidlege offisielle garderobe blei designa og laga i Noreg?

Tekst av Ådne Dyrnesli, redaksjonen

Nasjonalmuseet forvaltar rundt 270 plagg og tilbehøyr som H.M. Dronning Sonja sjølv har donert, i perioden 1974-2004.

– Dronninga har gjort ei smart kuratering når ho har donert, seier Janne Helene Arnesen, som arbeider med drakt og tekstil ved Nasjonalmuseet.

Antrekka er representantar for den nasjonale hukommelsen, frå forloving, bryllaup og 17. mai, til Noregsreiser og representasjonsoppdrag.

Norsk design går igjen i Dronninga sin garderobe, og særleg motehuset Molstad & Co er sterkt til stades i antrekka frå 60- og 70-åra.

Her er fem utvalde antrekk, som er fotografert og tilgjengelege i samlinga på nett:

 

Hennar føste slottsbalkong-antrekk

17. mai 1968 stod H.M. Dronning Sonja på slottsbalkongen og vinka for første gong, iført ei blå kåpe frå Molstad, og ein prikkete hatt frå Bente Thorsen.

Dette var nokre månadar før kronprinsbyllaupet 29. august same året, og ho stod der dermed som Sonja Haraldsen.

Raude prikkar på Skaugum

Sommaren 1969 inviterte kronprinsparet pressa inn i sin nye, og nyoppussa heim på Skaugum. Dei fekk bustaden i bryllaupsgåve av Kong Olav året før.

Kronprinsesse Sonja var ikledd ein raudprikka, kort sommarkjole, utan ermer. Fleire stader blei den omtalt som ein Marimekkokjole, men den er produsert av Molstad i Oslo.

Dronning Elizabeth på statsbesøk

Denne brune linkjolen med kvit dekor, også den frå Molstad, brukte den dåverande Kronprinsessa då Dronning Elizabeth av England var på besøk i august 1969.

Den britiske og den norske kongefamilien møttest på Festningskaien i Bergen, og segla nordover langs norskekysten. I løpet av det seks dagar lange besøket var dei innom Åndalsnes, Molde, Trondheim og Stjørdal.

Offisielle foto og Figgjo-fat

I 1971 blei det tatt offisielle portrett av Kronprinsesse Sonja, iført denne broderte gallakjolen. I tillegg til kjolen bar Kronprinsessa diadem etter Dronning Desirée, øyredobbar etter Dronning Maud og ei portrettnål av Kong Olav.

Året etter blei eit av fotografia frå seansen reprodusert på fat produsert av Figgjo Fajanse.

Franske fjør og norsk kjole

Dronning Sonja brukte denne rosa gallakjolen for fyrste gong under middagen etter Prinsesse Märtha Louise sin dåp i 1971, men brukte den igjen fleire gongar. Mellom anna under ein middag på Slottet i 1976, i anledning Kong Carl Gustav av Sverige sitt offentlege besøk.

Kjolen er produsert av Molstad i rosa silkezibeline, med fjørermer frå franske Balmain.