Dei løyndomsfulle foldane i Delphos-kjolen

Ingen har greidd å kopiere foldane i den ikoniske silkekjolen. No viser det seg at feil person har fått æra for den mystiske teknikken.
Tekst av Ådne Dyrnesli, redaksjonen
Inni ein liten shoppingpose i papir ligg ein stoffbylt i lys fersken. Hanskekledde nevar løfter han forsiktig ut. Han er samansnurra – som ein kanalsnurr i silke. Varsamt brettar tekstilkonservator Eva Düllo ut stoffet og inspiserer saumar, trådar og band.
Foldane i silkekjolen ho har mellom hendene, ber på ei gåte. Kjolen er ein Delphos frå 1920-åra – ein tilsynelatande enkel, fotsid kjole med foldar, eller plisseringar, som det heiter på fagspråket. Desse foldane er det ingen som har greidd å kopiere.
– Ekteparet Fortuny tok med seg løyndommen i grava, fortel Janne H. Arnesen, rådgivar samling ved Nasjonalmuseet.
Fleire har prøvd, men silken held berre på plisseringane i nokre dagar eller veker før det glatte stoffet rettar seg ut igjen.
– Her har vi ein kjole som er hundre år gammal, og plisseringane er like fine, held Arnesen fram.
Inntil nyleg var det ingen som trudde at Henriette Nigrin hadde noko med designet å gjere, men no, etter hundre år i skuggen av ektemannen og samarbeidspartnaren Mariano Fortuny, kjem ho fram i lyset som skaparen av kjolen.