Barna bestemmer!

Korleis hadde byane og alle romma mellom husa sett ut dersom barna fekk bestemme?
Bli med på å bygge med papp og fargar, inspirert av arkitektar som gjennom historia har tatt barn, og meiningane deira, på alvor. Verkstaden legg opp til å bygge saman. Du kan også ta med det du lagar heim, for å fortsette prosjektet der. Vi tenker stort, og jobbar i høgda og i breidda. Arbeidet er leia av ein arkitekt. Aktiviteten passar alle frå 4 år og oppover.
Verkstaden er gratis, men du må ha gyldig inngangsbillett til museet. Det er et avgrensa tal plassar, og første til mølla gjelder. Oppmøte i vestibylen i første etasje.
«BOOM!» er laga for både barn og vaksne. Her kan du ta på alt! Du kan teikne, bygge og leike, og lære om korleis babyboomen påverka arkitekturen i etterkrigstida. I heile første etasje byr vi på aktivitetar for alle aldrar, og verkstaden er open for bygging og leik.
Dette er den første utstillinga i Nasjonalmuseet – Arkitektur på Bankplassen sidan det stengde for rehabilitering i 2023.


