5 ting du kanskje ikkje visste om «Skrik»

Edvard Munch, «Skrik», 1893.
Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Oppdag skjulte sider og detaljar ved Edvard Munch sitt ikoniske måleri.

«Skrik» er eit av kunsthistoria sine mest kjende bilder. Det er blitt eit ikon, som dukkar opp i alt frå politiske plakatar til skrekkfilmar. Motivet som Edvard Munch måla for 130 år sidan, er også eit av veldig få kunstverk som har fått sin eigen emoji.

Her er fem ting du kanskje ikkje visste om verket:

 

1. Det er ei skisse på baksida

«På baksida av måleriet kan ein sjå den opphavlege skissa av «Skrik», forklarar Thierry Ford, målerikonservator ved Nasjonalmuseet.

Nasjonalmuseet sin versjon av «Skrik» er den fyrste versjonen som blei måla. I tillegg finns det ein til måla versjon, to versjonar utført i pastellkritt og ein litografisk variant i svart-kvitt.

Edvard Munch, «Skisse til Skrik», antakeleg 1893. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

2. Det er måla på ei papplate

Munch har måla direkte på ei papplate med ein blanding av temperamåling, fargestiftar og oljemåling til slutt.

Edvard Munch, «Skrik» (utsnitt), 1893. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

3. Det står noko i himmelen

I den raude himmelen står setninga:

«Kan kun være malet af en gal Mand!»

Nye undersøkingar avdekker at skrifta tilhøyrer Edvard Munch sjølv. Les meir om undersøkingane her.

 

 

Edvard Munch, «Skrik» (utsnitt), 1893.Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

4. Munch har kutta måleriet

På høgresida av bildet er det ein raudleg kant. Her har Munch kappa måleriet, kanskje for å endre breidda i komposisjonen.

Edvard Munch, «Skrik», 1893.Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

5. Det er stearinflekker på det

Nede i høgre hjørne på «Skrik» er det fleire stearinflekker, som er frå då Munch sjølv eigde verket.

Edvard Munch, «Skrik» (utsnitt), 1893. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Utforsk sjølv

Opplev «Skrik» i Nasjonalmuseet, eller zoom inn på det i samlinga på nett.

Kanskje du oppdagar noko nytt?

Du kan oppleve «Skrik» i samlingsutstillinga i Nasjonalmuseet.Foto: Annar Bjørgli / Nasjonalmuseet