Nye tilskot til samlinga april-juni 2025

Ole John Aandal, «Camera Rosten #3», 2017/2024.

Kvart år kjem det hundrevis av nye verk inn i Nasjonalmuseet si samling. Her er nokre smakebitar frå andre kvartal av 2025.

«The Sun is an Opera» av Jordan Nassar

Nasjonalmuseet har kjøpt broderiet The Sun is an Opera av Jordan Nassar (f. 1985).

Jordan Nassar, «The Sun is an Opera», 2025. © Jordan NassarFoto: Courtesy of the artist and Anat Ebgi, Los Angeles / New York

Nassar er ein amerikansk kunstnar med palestinsk herkomst, som bruker den tradisjonelle broderiteknikken tatreez i kunstverka sine. Teknikken kan lesast som ein slags biografi, der enkelte mønster refererer til spesifikke regionar og byar, litt som den norske bunaden.

The Sun is an Opera er eit relativt typisk verk for Nassar, som er sett saman av fire vertikale broderi. Broderia har ofte tradisjonelle motiv frå tatreez – henta frå landskap og natur, som tre, sol og måne – som Nassar blandar med nye motiv som representerer det lokale miljøet hans i New York.

Ofte er det Nassar som broderer landskapa, før han sender broderia til kvinner i Hebron-regionen i Palestina, som broderer dei ornamentale delane.

Nassar har vakse opp i ein amerikansk-palestinsk heim i eit pro-israelsk land. Dette har vore med på å utbrodera perspektivet hans på sin palestinske identitet. Saman skapar tatreezornamentikken og landskapet i verka hans ein poetisk inngang til å tenke på kartografi, landskapstradisjonar, kolonisering og den pågåande konflikten mellom Palestina og Israel.

To seriar av Ole John Aandal

Seriane Gamle helter og Camera Rosten representerer to tyngdepunkt innan Ole John Aandal (f. 1960) sitt kunstnarskap.

Med serien Gamle helter frå 1992 var Aandal ein av dei som tydelegast viste omslaget frå analogt til digital fotografi. I serien, som inneheld 12 bilde, har han manipulert seg sjølv inn i kjende fotografi frå vår nære fortid. Aandal lagde også serien Samaritan med eit liknande konsept i 1994, som også er i samlinga til Nasjonalmuseet.

Camera Rosten representerer det subjektive fotografiet i Aandal sitt kunstnarskap. I kontrast til dei tidlege subjektive arbeida er Camera Rosten meir politisk. Serien viser Rosten, eit av dei største juva i Gudbrandsdalen, før og etter oppdemming. Bilda er fotografert i løpet av ein månad, medan Aandal budde i ei brakke nær elva. Kameraet er eit camera obscura (eit enkelt kamera, som i praksis berre er ein mørk boks med eit lite hol i), laga av ein kaffiboks. Filmen er framkalla i vatn frå elva, og seinare skanna og printa digitalt. Nasjonalmuseet har kjøpt fem fotografi frå serien.

Dobbelportrett av Sofie og Erik Werenskiold

Måleriet Du og jeg frå 1882 er eit dobbelportrett på meir enn ein måte. Bildet viser det nygifte kunstnarekteparet Erik (1855-1938) og Sofie Werenskiold (1849-1926), og er målt i samarbeid. Erik har målt Sofie som lener seg nærsynt over bordet, og ho har målt han sittande, tankefull eller drøymande framfor vindauga.

Erik og Sofie Werenskiold, «Du og jeg», 1882.Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Kunsthistorikar Marit Werenskiold har datert måleriet til 1882, då ekteparet oppheldt seg i Villiers-le-Bel, nord for Paris.

Måleriet er innhaldsrikt, trass sitt beskjedne format på 41 x 27 cm. Det foreinar Erik sin detaljtru realisme med Sofie sin måte å måle lyset som strøymar inn gjennom vindauga og utsikta til det grøne. Kunstnarparet beheldt dette bildet livet ut.

Kalle Grude, «Til Joseph», 1989. Foto: Nasjonalmuseet / Andreas Harvik

Teikning av Kalle Grude

I 1989 teikna kunstnaren Kalle Grude (f. 1946) eit strekportrett av Joseph Beuys, ein av Düsseldorf sine store kunstnarar. Dette portrettet, som fangar Beuys sin karakteristiske silhuett med hatt, er gitt i gåve til Nasjonalmuseet av kunsthistorikar Holger Koefoed.

Grude er kjend for sitt konseptuelle kunstnariske uttrykk, og sin fascinasjon for ting, arkitektur, samfunn og kvardagstid. Han har ei evne til, og eit behov for, å «innskrive verden i eit estetisk register», som kurator Gustav Elgin skildra det i anledning utstillinga «No Problem» på Kunstnerforbundet.

Teikninga av Beuys er eit eksempel på Grudes spontane og treffsikre strek, og tilfører ein ny dimensjon til Nasjonalmuseet si samling av verka hans.

Måleri av Mickael Marman

Nasjonalmuseet har kjøpt måleriet M.E.C.A. av Mickael Marman (f.1983). Måleriet, som er over to meter breitt, er utført med røffe penselstrøk og med avisutklipp som er limt på bildeflata. Desse ulike laga kjemper alle om merksemd, og skapar eit energisk uttrykk.

Mickael Marman, «M.E.C.A.», 2025.Foto: Uli Holz / Kunstner og OSL contemporary

Måleria til Marman kan bli sett på som utradisjonelle reisebrev. Dei tek utgangspunkt i ei reise til Jamaica, og inneheld spor frå reisa i form av avissider og bilde av stader, landskap, byrom og skilt som er limt på måleria.

M.E.C.A. var eit av ni måleri på Marmans utstilling «hello driver!» på OSL Contemporary våren 2025. Marman er ein norsk-gambisk kunstnar med base i Oslo og Berlin som har markert seg både i Noreg og internasjonalt.

 

Sjå alle Nasjonamuseet sine ervervingar