Nye tilskot til samlinga januar-mars 2025

Kvart år kjem det hundrevis av nye verk inn i Nasjonalmuseet si samling. Her er nokre smakebitar frå fyrste fjerdedel av 2025.
Arkitektoniske teikningar, modellar og fotografi frå Østgaard Arkitekter og Terje Grønmo
Nasjonalmuseet har fått ei generøs gåve frå Terje Grønmo Arkitekter, i form av arkitektoniske teikningar, modellar og fotografi av Oslo Tinghus og Håkons Hall på Lillehammerer. Begge prosjekta er av Østgaard Arkitekter, med Terje Grønmo som arkitekt og oppført i 1994.
Dei to prosjekta er typiske for si tid. Ei tid med veksande offentlege budsjett og ein arkitektur som vender seg vekk frå etterkrigstida sitt modernistiske uttrykk, og søker ein arkitektur med tydlegare historisk forankring og identitet.
Skissene til Oslo Tinghus gjev eit godt innblikk i prosjektet sine ambisjonar og tida sine uttrykksformer. Prosjektet er eit godt døme på korleis norske bysentrum blir revitaliserte rundt årtusenskiftet.
Håkons Hall blei bygd i høve OL på Lillehammer, som ishockeyarena. Konkurranseutkastet syner eit større anlegg, med tydeleg inspirasjon frå klassiske greske arenaer. Den ferdige hallen passar godt inn i den norske nittitalsarkitekturen, der nordisk materialbruk er blanda med postmoderne og seinmoderne uttrykk.
Glasmåleri av Emanuel Vigeland
Jean Falcon. Glassmaleri til katedralen i Reims av Emanuel Vigeland (1875-1948) har vore utstilt i utstillinga «Gothic Modern. Frå mørke til lys», og er også kjøpt inn til samlinga.

Vigeland var ein av dei fyrste kunstnaren i Skandinavia som lagde glasmåleri i sitt eige atelier. Det var vanleg at kunstnarar lagde skisser, også fekk glasmålarar til å utføre sjølve målinga og samansmeltinga av glas.
Det å gå frå å måle freskar (veggmåleri utført på våt vegg) til glasmåleri blei avgjerande for Vigeland si interesse for gotisk kunst – særleg det franske galsmåleriet frå 1200-talet. I åra etter 1908 reiste han til Frankrike for å studere glasmåleri, og skissebøkene hans viser at han besøkte katedralane i Le Mans, Chartres og Tours.

«Mouth (1)» av Cato Løland
Cato Løland (f. 1982) har i fleire år arbeidd med tekstilskulpturar av billige materialar som han finn, som tekstilar og trådar. Desse vev, syr og knyt han saman på ulike måtar.
Skulpturen Mouth (1) frå 2024 har eit skjelett av stålnetting som er kledd i fleire lag av tekstil. Løland arbeider med hendene og improviserer ved å legge til og fjerne tekstil til han får ynskt uttrykk.
Verket kan likne på ei venge eller ein annan organisk form, kanskje ei hand, ein foss eller ein elvemunning?
«En dag i familiens Manns liv» av Pushwagner
Nasjonalmuseet har kjøpt 44 originalteikningar av Pushwagner (Terje Brofos 1940–2018). Skissene er til serien En dag i familien Manns liv, og var utgangspunktet for ein serie silketrykk som blei vist på Henie Onstad Kunstsenter i 1980.

En dag i familien Manns liv følger familien Mann gjennom ein vanleg dag. Pushwagner held fram universet frå Soft City, med mor på supermarknaden, far på fabrikken som lager masseøydelegelsesvåpen og det vesle barnet bak sprinklane i senga.
Serien er utført i svart, kvitt og rosa. I originalskissene kjem vi tett på kunstnaren sin visjon, hans dystopiske og detaljerte univers og tidstypiske popkunstreferansar.
Pushwagner teikna serien då han trudde at teikningane til Soft City var vekke. Seinare dukka teikningane opp igjen, og blei gjedd ut i bokform i 2008. I dei komande åra fekk Pushwagner eit internasjonalt gjennombrot, med deltaking på ei rekke biennalar og internasjonale utstillingar.

Metallmåleri av Anna-Eva Bergman
Nasjonalmuseet har fått måleriet No 89 – 1958 av Anna-Eva Bergman (1909–1987) i gåve.
Måleriet er «måla» med bladmetall, noko som skulle bli Bergman sin singaturstil. Ho hadde eit ynskje om å bruka metalloverflatene til å skapa lys i måleria. Dei abstrakte motiva har rot i natur; stein, tre og fjell, men også i arkitektur, litteratur, segn og myter.
1958 var eit viktig år i Bergmans liv og kunstnarskap. Ho hadde etablert seg på kunstscena i Paris, og hadde si fyrste utstilling på det prestisjefylte galleriet «Galerie de France», som representerte spydspissen av abstrakt måleri.
No 89 – 1958 er representativt for denne perioden i Bergmann sitt kunstnarskap, med sine forenkla former. Det er ein spiss og takkete formasjon, som kan minne om fjell, mot ein nøytral bakgrunn. Dei metalliske overflatene bidreg til ei skimrande og nærmast vibrerande overflate, som er typisk for Bergman.
«Fragment» av Otto Künzli
Utstillinga «Fragment» i 1986 flytta grensene for kva smykkekunst kunne vere. Otto Künzli stilte ut 50 halssmykke laga av delar av antikke målerirammer som anheng i stålkjeder.
Künzli brøyt norma ved å gjere minimalt med handverksinnsats for å lage smykka. Rammene er ein referanse til eldre måleri i sirlege gullrammer, samtidig som han spelar på den vanlege oppfatninga av at verdien i eit smykke ligg i kostbare metall og edelsteinar.
I 1991 blei Künzli professor i metall- og smykkeavdelinga ved Kunstakademiet i München. Både som kunstnar og som lærar har han dominert utviklinga av smykkekunsten i fleire tiår. Han har også hatt stor innflytelse på det norske miljøet, som har sett til han for inspirasjon sidan 1980-åra.
To videoverk av Kjersti Vetterstad
Dei to videoverka A Beehive in My Heart og The Agronaut av Kjersti Vetterstad (f. 1977) dreier seg begge om menneskje sin relasjon til naturen.

A Beehive in My Heart blei vist på opningsutstillinga til Nasjonalmuseet i 2022, då stod det i katalogen: «Er vi noe annet enn natur? Hvordan ville verden sett ut om vi hadde tatt ikke-menneskelige eksistenser på alvor?» Videoen fylgjer ein dokumentarisk tradisjon, og bruker mange grep frå konvensjonelle dokumentarar, men er friare i bruken av lyd, klipp og oppbygging av historia.

I The Agronaut møter vi Montserrat Canudas Jorbas, som driver ein gard i Catalonia. Ho har utvikla sin eigen type djupøkologi, ein avart av komponisten Pauline Olivero sin Deep Listening.
Meldaren Stian Gabrielsen skildrar verket slik: «Dokumentaren er et langt portrett av Montserrat som beveger seg rundt på eiendommen sin og legger ut om ulike økosystemer og jordbruksteknikker, ispedd generelle betraktninger om menneskets plass i naturen. Vetterstad viser ingen tegn til rastløshet, kameraet hennes hviler lyttende, i lange tagninger, men panorerer av og til over omgivelsene mens Montserrat foredrar. Innimellom er det klippet inn nærbilder av dyr og planter.»













