Nye tilskot til samlinga januar–mars 2026

Rui Sasaki, «Flytende solskinn / Hakuu kaller fra Bergen i Oslo», 2025.
Foto: Nasjonalmuseet / Annar Bjørgli

Kvart år kjem det hundrevis av nye verk inn i Nasjonalmuseet si samling. Her er eit utval frå starten av 2026.

Leike av Theodor Kittelsen

Theodor Kittelsen er mest kjend for bilda sine av Pesta, Nøkken og andre eventyrskapningar, men han lagde også leiker!

Rugga, som Nasjonalmuseet no har kjøpt inn til samlinga, er ei av i alt sju leikemodellar som Kittelsen produserte for Norsk husflidforening.

Kittelsen arbeidde parallelt med alt frå teikning og måleri til leiker, møblar og rammer til eigne bilder. Treskjærerarbeida hans var for det meste til sin eigen heim, men leikene han lagde blei sett i produksjon og solgt hos Husfliden.

Trefigurane i leikene og møblane til Kittelsen ligg tett opptil bilda hans. Her er det rikeleg med eventyrmotiv! Fleire av utskjeringane er basert på små illustrasjonar som han hadde laga til bøker.

Nasjonalmuseet kjøpte også to leiker frå Kittelsen i 2020, Hare og Tuss i tue.

Liquid Sunshine

Nasjonalmuseet har fått Flytende solskinn / Hakuu kaller fra Bergen i Oslo av Rui Sasaki i gåve frå Venneforeningen for Kunstindustrimuseet.

Rui Sasaki, «Flytende solskinn / Hakuu kaller fra Bergen i Oslo», 2025. Foto: Nasjonalmuseet / Annar Bjørgli

Glasskunstneren Rui Sasaki har alltid vore oppteken av vatn, og blei så fascinert av elementet at ho ønska å arbeide med noko som likna. Det nærmaste ho kom var glas.

I heimbyen hennar, Toyama i Japan, er det stort sett overskya og fuktig. Det grå vêret gjorde ho vêrsjuk og Sasaki innsåg kor viktig solskinn er for menneskjer. I verket Liquid sunshine har ho skapt ein installasjon der ein kan gå inn i mørket og bli omgitt av lysande vassdråper.

Verket var ein del av utstillinga «KUNST·HÅND·VERK» i Nasjonalmuseet, og er eit samarbeid mellom Kode, Nasjonalmuseet og Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum / Museene i Sør-Trøndelag.

Les meir om «KUNST·HÅND·VERK» 

Halssmykke av reinsdyrbein

Dette halssmykket av Iver Jåks er laga av 15 dråpeforma bitar av reinsdyrbein. Bitane er skjert i skiver og polert, og hekta saman med sølvringar.

Iver Jåks, «Halssmykke», ca. 1960. © Jåks, IverFoto: Nasjonalmuseet / Frode Larsen

Formidling av samisk kultur og historie var ein raud tråd i kunstarskapet til Jåks. Han tok ofte utgangspunkt i naturmaterialar, som tre, horn, bein og skinn, og brukte materialar og teknikkar knytt til tradisjonelt samisk handverk – duodji. Her er det lange tradisjonar for anheng og smykker av bein eller horn med innslag av sølv.

Filminstallasjon av AK Dolven

Nasjonalmuseet har kjøpt filminstallasjonen A Other Teenager av AK Dolven, som var del av utstillinga «A K Dolven. amasone» på Nasjonalmuseet i 2025. 

Dokumentasjon frå performancen «A Other Teenager» på Nasjonalmuseet i 2025.Foto: Nasjonalmuseet / Annar Bjørgli

Videoverket er langt og smalt, og viser ei lang rekke menneske som ligg side om side. Ei kvinne bryt mønsteret og beveger seg langsamt over og langs dei andre. Kunn ei av dei, ei tenåringsjente, rettar blikket utover. Verket representerer eit viktig punkt i Dolven sin kunstnarlege praksis, der det performative, mellommenneskelige og det tidsbaserte smeltar saman.

Under utstillingsperioden blei det framført ein performance basert på installasjonen. Nasjonalmuseet har også kjøpt spesifikasjonar or rettane til å realisera denne performancen.

Les meir om utstillinga «A K Dolven. amasone»

«Amorous Couple» av Rah Eleh

Skulpturen Amorous Couple var noko av det fyrste du møtte i utstillinga «Skeive ornamenter».

Rah Eleh, «Amorous Couple», 2025. Foto: Nasjonalmuseet / Annar Bjørgli

Den er basert på ei skisse frå 1600-talet, som viser to kvinner, ein boge og ein dildo der det skulle vore ei pil. Rah Eleh har laga ein 3D-printa skulptur basert på skissa, med ei metallisk overflate. Verket blei laga spesielt til «Skeive ornamenter».

I utstillinga kunne du oppleve skeive uttrykk frå den islamske verda. Opplev kunst frå meir enn tusen år og fire kontinent – frå forgylte fat frå 1000-talets Egypt og persiske fliser frå 1200-tallet til samtidige installasjonar, videoverk, skulpturar og måleri.

Les meir om utstillinga «Skeive ornamenter»

Installasjon og skulptur 

Nasjonalmuseet har kjøpt to verk frå Kaare Ruud si utstilling «Business doing pleasure with you» på Femtensesse i 2025.

Kaare Ruud, «E sku gjett eilt e æg å har om dæ betydde at e fortsatt såg opp te de,», 2023.© Courtesy of the artist and Femtensesse, Oslo.Foto: Tor Simen Ulstein

I verket E sku gjett eilt e æg å har om dæ betydde at e fortsatt såg opp te de, har han montert lange bein på respatexbord, slik at borda ruva over publikum. Denne typen bord kunne ein finne på kjøkken over heile landet, og mange har eit forhold til dei. Kanskje nokre kjende seg som barn igjen, der dei gjekk under borda?

Kaare Ruud, «Clockwork», 2023.© Courtesy of the artist and Femtensesse, Oslo. Foto: Tor Simen Ulstein

Elleve urverk, montert på ein vegg, utgjer verket Clockwork. To gongar dagleg stavar dei ordet STAY.

I desse verka held Ruud fram arbeidet sitt med uvanlege materialar han har funne. Han brukar strategiar som appropriasjon og ready-mades, ved å sette masseproduserte eller daglegdagse gjenstandar inn i ein ny kontekst, og på den måten gi dei kunstnarleg verdi.

 

Sjå alle Nasjonalmuseet sine ervervingar