Nye tilskot til samlinga oktober–desember 2025

Her er nokre smakebitar av det som kom inn i Nasjonalmuseet si samling på tampen av 2025!
Julenattsmesse av Asta Nørregaard
Denne kolteikninga skal visast i utstillinga «Asta Nørregaard. Sannhet og skjønnhet» som opnar 28. mai i Nasjonalmuseet.

På ein lapp på baksida har kunstnaren sjølv skrive at teikninga er ei skisse, men den har kvalitetane til eit sjølvstendig verk. Nasjonalmuseet har både måleriet Julenattsmesse i et fransk kloster, og ei annan skisse med same motiv i samlinga. Alle tre skal stillast ut i utstillinga.
Frå kolteikninga til måleriet gjer Nørregaard ei endring: Kvinna som står vendt mot oss i teikninga, står med ryggen til i måleriet.

Arkitektonisk modell av Astrup Fearnley Museet
Nasjonalmuseet har fått denne modellen av Astrup Fearnley Museet sin bygnad og tilhøyrande park av Selvaag AS ved Olav H. Selvaag. Den er frå eit tidleg stadium i designprosessen og blei bestilt av utbyggjarane Selvaag og Aspelin Ramm.

Bygget stod ferdig i 2012 og er teikna av Renzo Piano Building Workshop (RPBW) i samarbeid med Narud-Stokke-Wiig, Oslo. Ansvarleg arkitekt var Emanuela Baglietto. På nettsida si skriv RPBW at dei brukar modellbygging som ein del av designprosessen, for å utforska proporsjonar og testa idear.
RPBW blei stifta i 1981 av den italienske arkitekten Renzo Piano, med kontor i Genova og Paris. Kontoret er kanskje mest kjend for Pompidou-senteret i Paris som opna i 1977. Eit oppdrag Piano og den britiske arkitekten Richard Rogers fekk etter siger i ein internasjonal arkitektkonkurranse. Renzo Piano fekk den anerkjende Pritzker-prisen i 1998.
Ein annan modell, som viste det ferdige museet blei vist på utstillinga «Arkitekturimport» på Nasjonalmuseet – Arkitektur i 2014. Astrup Fearnley Museet er det einaste prosjektet Renzo Piano Building Workshop har realisert i Noreg.
«Roser i blått» av Frida Hansen
Nasjonalmuseet har fått vevnaden Roser i Blått av Frida Hansen i gåve frå Jöronn Restad. Restad har arva veven. Ho bur i dag i Sverige, og hadde eit ynskje om at vevnaden skulle få returnera til Noreg.

Roser i blått er eit sentralt motiv i Frida Hansen sitt kunstnarskap. Den er vevd i transparentteknikk. Det vil seie at renninga – trådane som går på langs i veven – står aleine nokre stader. Dette gjer at ein kan sjå gjennom veven. Dette er ein av dei fyrste vevnadane Hansen lagde med denne teknikken, og markerer eit vendepunkt i karrieren hennar.
Adine Lexow arbeider med ei doktorgrad om Frida Hansen. Ho meiner at grunnfargen i Roser i blått ikkje er den tradisjonelle blåfargen potteblått, men heller ein blåfarge laga av indigo og rykande svovelsyra, kjent som Saxon Blue. I fargeprøvebøkene sine har Frida Hansen skrive ned denne fargeprosessen. Det viser den pågåande viljen ho hadde til å fornya vevekunsten.
Frida Hansen har ei udiskutabel rolle i norsk vevhistorie. Nasjonalmuseet har fleire vevnadar og kartongar i samlinga frå før. Mellom anna både eit mønsterblad og to kartongar som samsvarar med motivet til Roser i blått. Kartongane er like store som den ferdige vevnaden, og blei satt bak veven som ein referanse under vevinga.
Videoinstallasjonen «Pervasive Light»
Pervasive Light av Sandra Mujinga er ein videoinstallasjon på tre skjermar. Ein person i ei svart kappe, som skimrar i oransje, glir inn og ut av dei tre skjermflatene. Det er vanskeleg å sjå kvar kappa sluttar og den svarte bakgrunnen byrjar. Lydsporet kan gje assosiasjonar til ei pulserande sirene, og gjev verket ei urovekkande stemning.
Lydsporet er laga i samarbeid med musikaren NaEE RoBErts, og figuren er spelt av musikaren Mariama Ndure.
Mujinga er oppteken av teknologisk ansiktsgjenkjennig og av korleis svarte kroppar blir synleggjort. Tittelen til verket tyder «gjennomgripande lys». Det står i kontrast til det du ser på skjermane, der figuren er vanskeleg å sjå mot den mørke bakgrunnen.
Verket har vore vist på Museum of Modern Art i New York, og er også ein del av deira samling, men blei forfyrste gong vist på Sandefjord kunstforening i 2021.
Teknologisk måleri
Nasjonalmuseet har kjøpt inn to verk av den italienske kunstnaren Lucia di Luciano (1933-2026) som gjekk bort i januar i år.
Di Luciano var ein del av fleire kunstnariske grupper, blant annet Arte Programmata, som brukte ny teknologi og matematisk logikk i arbeida sine. Verka hennar frå 60-tallet er laga med moderne materialar, som syntetisk måling og trefiberplater.

Måleriet Alternanze N. 2 frå 1963 viser eit svart mønster på kvit bakgrunn, og er eit godt eksempel på det systematiske i Di Luciano sine måleri. Nasjonalmuseet har også kjøpt teikninga Discontinuità frå 1966.
Di Luciano fekk eit internasjonalt gjennombrot på Veneziabiennalen i 2022. Ho var med i ei avdeling av biennalen med kunst frå 60- og 70-åra under tittelen «Technology of Enchantment».
Fem fotografi av Espen Gleditsch
Nasjonalmuseet har kjøpt fem fotografi frå utstillinga «Espen Gleditsch. Sanatorium Stenersen», som blei vist på Villa Stenersen i 2025.

I utstillinga utforska Gleditsch den moderne helsearkitekturen sitt opphav, frå dei finske skogane til Alpane i Sveits. Dette var fyrste gong Villa Stenersen var del av ein skreddarsydd kunstnarisk samanheng, der huset i seg sjølv blei ein direkte del av utstillinga.
Les meir om utstillinga «Espen Gleditsch. Sanatorium Stenersen»
Les meir













