Illustrasjon: Melkeveien
  • På turné i Norge – Valdres Folkemuseum
  • 17. juni kl. 17.00–02.00

Nasjonalmuseet, Valdresmusea og Hilme har gleda av å invitere deg til opninga av den turnerande utstillinga «Skakke folkedrakter»!

Kulturar over heile verda har i tusenvis av år brukt tekstilar, mønster og fargar for å fortelje noko om kven dei er og kvar dei kjem frå. Plagg, tilbehøyr og reiskapar kan vere kjelder til djupe røter om tilhøyrsle, identitet og skikkar, men dei kan også brukast for å uttrykke sårbarheit, individualitet og politisk protest.

I denne utstillinga har dei seks samtidskunstnarane Harald Beharie, Lin Wang, Márjá Karlsen, Christian Blandhoel, Rafiki og Håvard Kranstad tatt eit djupdykk i ulike kulturar og tradisjonshandverk. Dei har gått i dialog med handverkarar og kunnskapsberarar, og skapt sine eigne tolkingar gjennom blant anna fotografi, vev, keramikk, støymusikk og dans. 

Utstillingas første stopp er Valdres Folkemuseum, 17. juni. Folkemuseet er den første av i alt åtte planlagte visingstadar for utstillinga, som dei komande to åra skal reise på kryss og tvers av Noreg og Sápmi. Sjå om utstillinga kjem til ein stad nær deg.

Utstillingsopninga er gratis, men du må reservere billett for å delta. Sikre deg billett her.

Velkomen!

Program

Kl. 17.00–17.45:
Pride-parade gjennom sentrum. Oppmøte på parkeringa ved Shell frå kl. 16.30

Kl. 18.00–18.30:
Utstillingsopning leia av Dávvet Bruun-Solbakk
Talar ved Nasjonalmuseets samlingsdirektør, Stina Högkvist, kurator for utstillinga, Maja L. Musum og direktør ved Valdresmusea, Ole Aastad Bråten
Musikalsk innslag

Kl. 18.30–22.00:
Open utstilling
Musikk og pop up-aktivitetar i samarbeid med Hilme året rundt: 

  • Intimkonsert med Jan Beitohaugen Granli
  • Intimkonsert med Marit Karlberg og Øyonn Groven Myhren
  • Halling med Eilif Hellum Noraker
  • Lynkurs i springar med Stian Roland og Tone Voldhaug

Kl. 19.00–19.50:
Kunstnarsamtale leia av Justine Nguyen, med Harald Beharie, Christian Blandhoel og Márjá Karlsen

Kl. 21.00–02.00:
Tuvas blodklubb med karaoke og DJs

Om utstillingen

«Skakke folkedrakter» er utviklet i samarbeid med en rekke eksterne faglige og kunstneriske rådgivere og drakttilvirkere, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Valdresmusea, Randsfjordmuseet, Museum Stavanger og Bodø kulturhovedstad 2024. Prosjektet er initiert av Nasjonalmuseet.