Nye tilskot til samlinga april-juni 2026

Kvart år kjem det hundrevis av nye verk inn i Nasjonalmuseet si samling. Her er nokre smakebitar frå andre kvartal av 2026.
«Weeds and Aliens», tre fotografi og ei bok
Nasjonalmuseet har kjøpt fotoboka Weeds and Aliens, og tre fotografi frå same serie.
Weeds and Aliens av Benjamin Huseby viser fotografi av ulike vekstar. Huseby har samla vekstane på veg til studioet sitt i Berlin, der han har fotografert dei. Plantene er hovudsakeleg fotografert i svartkvitt, medan soppane er fotografert i farge.
Nyttevekstane blir sett på som ugras, og veks vilt i Berlins gater. Huseby samanliknar seg sjølv med vekstane, og seier han alltid har kjend seg som ein «outsider».
Huseby er kunstnar, fotograf og motedesignar, og kunstnarskapet hans har vore gjennom fleire ulike fasar. Som motefotograf har vore ei avgjerande kreativ stemma for tidsskrifter som Dazed & Confused, i-D, AnOther Magazine og britiske Vogue i 2016 etablerte han motemerket GmbH, som også er i samlinga til Nasjonalmuseet, saman med Serhat Işik.
Dei tre fotografia blei vist i utstillinga «Ny nordisk. Mat, estetikk og sted» i 2025. Utstillinga viste korleis den nordiske matrørsla som oppstod på tidleg 2000-talet utvikla seg parallelt med at ei aukande interesse for økologi, natur og stadsidentitet i samfunnet og i kunsten.

Arkitektonisk modell
Denne modellen av Juvet landskapshotell, av Jensen og Skodvin arkitekter, blei bygd til utstillinga «Ny nordisk. Mat, estetikk og sted». Modellen viser korleis hotellet ligg i landskapet, og er lagd saman med det unge arkitektkontoret Studio Braak.
Juvet har vore eit referanseprosjekt for korleis ein kan tilpasse arkitektur til landskapet i norsk arkitektur. Hotellet er bygd opp rundt eit gamalt gardshus, som fungerer som resepsjon, kjøkken og spiserom. I ei skråning ned mot elva, ovanfor Gudbrandsjuvet, er det plassert fleire separate hotellrom. Gjennom nøyaktig kartlegging og oppmåling er desse plassert for å skapa ei unik utsikt mot landskapet, med minimalt innsyn.
Prosjektet vann Houens fonds diplom i 2012. Houens fonds diplom blir delt ut av Nasjonalmuseet på oppdrag fra Kulturdepartementet.
«Ein guide til sex»
«Dette verket er i botn og grunn ein guide til sex», slik skildrar Kasra Jalilipour sjølv verket Paradise Beneath Your Feet.
Verket tek utgangspunkt i det persiske manuskriptet «Lizzat Al-Nissa». Boka frå 1800-talet viser seksuell omgang mellom menn og kvinner. Jalilipours verk viser også seksuell omgang, men mellom personar av same kjønn. I tillegg til å inkludere ikkje-binære og trans-personar.
Kasra Jalilipour er ein av fire kunstnarar som lagde nye verk til utstillinga «Skeive ornamenter» i 2025. «Skeive ornamenter» viste skeive uttrykk frå den islamske verda – gjennom alt frå forgylte fat frå 1000-tallets Egypt og persiske fliser frå 1200-tallet til samtidige installasjonar, videoverk, skulpturar og maleri.

Puslespelbrikker
Four Season Journey består av fire deler, utforma som puslespelbrikker. Dei er laga i steingods, og saman lagar dei ein sirkel. Verket er rikt dekorert med ristningar, prega detaljar og glaserte parti. Eit kvitt mønster går igjen på alle bitane.
Den eine brikka er plassert lengre vekk frå dei andre, og bryt sirkelen.
Wisam Al-Samads (f. 1966) verk er ofte spekka med symbolsk innhald, både frå Irak, som han flykta frå i 2009, og frå Noreg, som han flykta til. Han har utvikla eit eige visuelt uttrykk, der overflatane blir dekte i persisk glasurhistorie, arabisk kaligrafi og vestlege motiv.

«Napolitansk fisker» av Adolph Tidemand
Nasjonalmuseet har kjøpt dette fargesterke måleriet av ein napolitansk fiskar, måla av Adolph Tidemand i 1842. Verket skil seg frå dei andre Tidemand-måleria i museet si samling ved at motivet er frå Italia.
Måleriet viser ein fiskar i nesten naturleg storleik. Han ser på deg med eit fast blik, der han sit og bøter eit garn. På hovudet har han ei raud, lang strikkehua, som blei brukt av fiskarar og sjøfolk i fleire europeiske land. I bakgrunnen ser du vulkanen Vesuv og den normanniske hamneborga Castel dell’Ovo. Tidemand var i Italia frå sommaren 1841 til hausten 1842. Skissene til portrettet gjorde han i Napoli, men sjølve måleriet er måla i Roma i 1842.
Tidemand framstiller fiskaren i Napolitansk fisker på liknande vis som han framstilte norske bønder. Her idealiserer han ein «lågare» samfunnsklasse, som i si tid blei sett som noko meir «ekte», og tettare knytt til lokale tradisjonar og skikkar.
No kan du sjå måleriet i rom 43 i Nasjonalmuseet!
Les meir







