Konsert

Vi vandrar saman

Foto: Sara Olivia Sanderud

Velkommen til konsert med «Hver gang vi møtes»-aktuelle Herborg Kråkevik!

Bli med på eit første møte med bildekunst, litteratur og musikk som opnar for nye opplevingar og inspirerande møter. 

I samarbeid med Nasjonalmuseet har Herborg Kråkevik dykka ned i kjente verk i museets store samling. Motiv og fortellingar frå museet er satt saman med songar i ei ny plateinnspeling i lag med TrondheimSolistene.

Konserten markerer lanseringa av både albumet og songboka «Vi vandrar saman». 

Kråkevik, TrondheimSolistene og Helge Lilletvedt har nett lagt ut på turné. No får publikum oppleve musikken i Nasjonalmuseet. Her ventar folkekjære songar i ny drakt, framført av musikarar i verdsklasse. Museet har bidrege med idéutvikling og utvalet av kunst som følgjer kvar song.

Songboka «Vi vandrar saman» knyter utvalde norske songar til sentrale verk i Nasjonalmuseet si samling. Lesaren vil blant anna bli betre kjend med verk som «Stetind i tåke» av Peder Balke, «Langt, langt borte saa han noget lyse og glitre» av Theodor Kittelsen og «Fra Stalheim» av Johan Christian Dahl.

Da «Kråkeviks songbok» kom ut i 2000, blei albumet ein umiddelbar suksess og selde 250 000 eksemplar. Nå vidarefører Kråkevik, TrondheimSolistene og Lilletvedt samarbeidet, og tar med seg Nasjonalmuseet i «Vi vandrar saman», der kunsten løfter songane og songane løfter kunsten. 

Boka «Vi vandrar saman», er utgitt av Samlaget og kan kjøpast i museumsbutikken.

Billettane kostar 485 kroner (medlemspris: 350 kr), og inkluderer inngang til museet før konsert. Oppmøte i Vrimle.

Medverkande i konserten er Herborg Kråkevik, TrondheimSolistene og Helge Lilletvedt.