Foto: Nasjonalmuseet / Annar Bjørgli
  • 22. februar–16. mai 2015
  • Kunstindustrimuseet

Broderiet har vore tydeleg til stades både innan kunsthandverket og delar av biletkunsten dei siste tiåra. I denne utstillinga blir det sett søkelys på norsk og internasjonalt samtidsbroderi, og publikum vil få innblikk i nokre av årsakene til at kunstnarar vel å brodere.

Det er eit klart brott mellom samtidsbroderiet og det historiske broderiet. Ikkje minst ved at broderiet tidlegare i hovudsak vart utført som kopiering, ikkje som fri, kunstnarisk verksemd. Ved å bruke broderiteknikken tek likevel samtidskunstnarar eit val som skaper meir eller mindre synlege forbindelseslinjer bakover i tid. Difor blir det også vist nokre eldre broderi i utstillinga.

Dei eldre broderia er sette i dialog med samtidsbroderi gjennom følgjande tema: Broderiet sin eigenart; Tid, minne og spor; Tradisjon og overlevering; Forteljing og Makt og status. Alle verka i utstillinga kan knytast til eitt eller fleire av desse temaa. Temaa kan bidra til å utdjupe forståinga av verka. Dei kan også belyse kvifor broderiet framleis er eit aktuelt kunstnarisk medium, eigna til å kommentere samfunnet, kunsten og broderitradisjonen.

Kunstnarane som er representerte i utstillinga er: Málfriður Adalsteinsdottir, Bren Ahearn, Ghada Amer/Reza Farkhondeh, Maurizio Anzeri, Linda Behar, Eliza Bennett, Anne Ingeborg Biringvad, Lou Cabeen, Sonya Clark, Orly Cogan, Susan Collis, Regien Cox, Siri Ensrud, Jochen Flinzer, Kristine Fornes, Flore Gardner, Patrick Ian Hartley, Erlend Helling-Larsen, Erik Hellsten, Kent Henricksen, Elana Herzog, Kimsooja, Åse Ljones, Nava Lubelski, Anna von Mertens, Gunvor Nervold Antonsen, Sidsel Palmstrøm, Hans Hamid Rasmussen, John K. Raustein, Maria Manuela Rodrigues, Tucker Schwarz, Maria Ryan Sondresen, Lars Sture, Marion Strunk, Susie Vickery og Synnøve Øyen.

Utstillinga er eit samarbeid mellom KODE – Kunstmuseene i Bergen og Nasjonalmuseet.