• 30. november 2013–11. mars 2014
  • Nasjonalgalleriet

Som eit apropos til Tour de Ski og OL i Sotsji blir det vist ei lita utstilling i prosjektrommet i Nasjonalgalleriet. Ho tek for seg fenomenet langrenn. For å belyse problematikken rundt langrennssportens funksjon som nasjonal identitetsberar og einskapssymbol har vi fått hjelp av ein toppidrettsutøvar, ein ekskonge og ei eksdronning i skiløypa, unge aktive skiløparar og born frå ei flerkulturell 6. klasse. To av kunstnarane har også kommentert eigne verk. Utstillinga gir eit sjeldant høve til å knyte ein link mellom to kulturarenaer – kunstmuseum og toppidrett – som vanlegvis står fjernt frå kvarandre.

Dei utvalde bilda viser skiløparar i ulike settingar – frå ein roleg, kontemplativ skitur til ein pressa konkurransesituasjon. I Tore Hansens monumentale tresnitt Fiskebein frå 2010 kjempar skiløparane seg oppover bakken, og det ser ut som om førstemann hever armane sigerssikkert. Ingebjørg Une Hagens Renn frå 1984, som er inspirert av eiga deltaking i Holmenkollmarsjen, skildrar på ein treffande måte konkurransens drivkraft i massestartløpet. Den einsame skigåaren i Runer (1987) nyter skogens fred på sin rolege tur – eller kan det hende at han, slik Petter Northug oppfattar ham, rett og slett er umotivert? Kommentarane i veggtekstane illustrerer korleis ulik erfaringsbakgrunn fargar assosiasjonane til hovudverket i utstillinga. I collagen med mindre kunstverk spenner motiva frå skiløparar i eventyr- og sagaillustrasjonar til Ragnvald Blix’ karikaturteikning av skientusiastane dronning Maud og kong Haakon frå 1919.