Utstilling
Stengt
Venezia. Fehns nordiske paviljong
I 1958 vann 34 år gamle Sverre Fehn konkurransen om Den nordiske paviljongen i Venezia. Bygningen stod ferdig i 1962, og sette namnet til Fehn på verdskartet.
For første gong blir hans originalteikningar til paviljongen vist. Dei blir presenterte saman med dei vakre fotografia til Ferruzzi frå opningsåret. Utstillinga står samtidig med Arkitekturbiennalen i Venezia.